Kulturarvdag på Stalheim
Featured

Kulturarvdag på Stalheim

Set av datoen!

30.august 2025 ynskjer Stalheim Landskapspark i samarbeid med lokale ungdomslag og idrettslag å arrangere kulturarvdag på Stalheim.

På dagtid vil Vossestrand barnekor opne arrangementet, som vert etterfulgt av Stalheimskleiva opp.

Stalheimskleiva opp vil som tidligare år bestå av barneløp, familieløype med quiz og konkurranseklasse for damer og herrar. Nytt av året er at me ynskjer å få til stafett for bedrifter og andre(idrettslag, grendelag, familielag, vener osv.) Me håpar at dette kan vere ei spennande utfordring! Meir info om stafettar kjem seinare.

På kvelden vert det høve til å kjøpa middag på Stalheim Hotel før me avsluttar dagen med konsert med Folk Flest og Strendingen på Stalheim Hotel.

Meir info vil koma etterkvart både på facebooksida og på www.stalheimskleiva.no.

Featured

Ny-opning av Stalheimskleivi og Sivleplassen

Nokre glimt frå opninga ny-opninga av Stalheimskleivi

Stalheimskleivi
Featured

Stalheimskleivi

Stalheimskleivi er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet inst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Vegen går bratt oppetter ein fjellrygg og har ei stigning på kring 250 meter. I 1980 vart det opna ny veg med to tunnellar. Stalheimskleivi er freda og vart 22. juni 2024 gjenopna for gåande, etter ei omfattande restaurering og attendeføring til fordums prakt.