Kulturarvdag 2025
Featured

Kulturarvdag 2025

Vel blåst kulturarvdag 2025!

Stalheimskleiva Opp vart eit fantastisk arrangement – og det er takka vere dekan!

Det var utruleg kjekt å sjå så mange barn og unge som møtte opp saman med familiane sine. Heile 45 barn stilte til start i barneløpet, og innsatsen var stor! Det var stor stas å springa med startnummer på brystet og i mål fekk alle deltakarar bytta startnummer inn i t-skjorte som deltakarpremie! 

Me er svært imponert over innsatsen til deltakarane i ungdomsløpet, konkurranseklassen og ikkje minst stafetten (resultata finn du i eigen artikkel). I stafetten fekk me verkeleg sjå breidda: Den yngste deltakaren var berre 3 år, og den eldste heile 74 år! Dette viser at stafetten er ei utfordring og oppleving for absolutt alle. 

✨ Me håpar på endå fleire deltakarar neste år – spesielt fleire lag på stafetten. ✨

Det var også veldig kjekt at så mange tok turen i spørsmålsløypa som Verdsarvparken hadde laga – ei flott rundløype rundt museet på Stalheim som skapte både aktivitet og undring.

Med dette ynskjer me å rekkje ein stor takk til:

- Alle deltakarar som skapte liv og idrettsglede
- Publikum som heia fram løparane
- Våre gode sponsorar som gjer arrangementet mogleg
- Og ikkje minst alle arrangørar og frivillige som la ned ein kjempeinnsats
💚 Tusen takk for at de gjorde Stalheimskleiva Opp til ein minnerik dag – me gler oss allereie til neste år!

Også stor takk til Svein Ulvund som sykla heile vegen frå Voss til Stalheim for å forevige dagen! Du finn mange fine bileter på heimesida: Fotovoss