Utekonsert med Folk Flest og middagsbuffé på Stalheim Hotel

Utekonsert med Folk Flest og middagsbuffé på Stalheim Hotel

STALHEIM HOTEL FREDAG 21/6

Bli med på landskapsfesten og nyt ein god middag på hotellet og ein feiande flott konsert med country og irsk-inspirert musikk.

Like aktuelt for strendingar, sogningar og vossingar som for dei som tek ei helg med overnatting på Stalheim Hotel i samband med landskapsfesten eller Stalheimskleiva Opp.

Middagsbuffet på Stalheim Hotel kl. 18.00 (kr 550)
Bestill på 56 52 01 22 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Utekonsert med country/folkrock-gruppa «Folk Flest» frå kl. 20 (kr 350)
(Inne dersom dårleg vêr)

Det er begrensa med plassar og det er alt god etterspurnad etter billettar, så ikkje vent for lenge med å kjøpa billett!

Billettar:

Billett kjøper du enklast på Vipps nr 807027

Vipps kode landskapsfest

(Eller søk opp Landskapsfest 2023. Namnet ditt vert registrert automatisk via Vipps).

Du kan òg kjøpa billett på Joker Haugsvik.

Gjenopning, vandring og kultur

Gjenopning, vandring og kultur

LAURDAG 22/6 Kl. 12:

Gjenopning av den historiske STALHEIMSKLEIVA og opning av UTSIKTSPUNKT ved Sivlesteinen

JENS BREKKE leiar oss gjennom ei feiring av naturen og landskapet, kongevegen, kleiva og nasjonalskalden Per Sivle. Historiar og musikk med m.a. Aurland songlag og Strendingen.

Historisk vandring ned kleiva, gratis skyss opp for dei som vil.

Jonsokfeiring og aktivitetar

Jonsokfeiring og aktivitetar

SUNDAG 23/6 Kl. 13:

Tradisjonsrikt JONSOKBRYLLAUP frå Sivlesteinen til STALHEIM MUSEUM, der ulike lokale lag skapar liv og røre med leikar, mat, tevlingar og aktivitetar

Kjekt for heile familien!