Den 13. mai 2023 vert Stalheimskleiva opp arrangert for 12. gong – no i samband med arrangementet Landskapsfest som vert arrangert på Stalheim denne helga.
Klokkeslett/pris:
Trimklasse m/kunnskapstur: 12.30–14.00
50 kr per person (maks 200 kr per familie)
Barnløp frå Sivlesteinen (4–10 år): 13.30
50 kr
Motbakkeløp: 14.00
200 kr (10–19år)
250 kr (20år+)
Siste påmelding kl. 13.00 (Etterpåmelding + 50 kr)
På grunn av rasfare i tidlegare startområde er starten flytta 50 meter til brua nedst i Stalheimskleiva. Årets bestetid i damer/herrar vert difor ny løyperekord i Stalheimskleiva opp.
Deltakarnummer hentar du ved mål på toppen av Stalheimskleiva.
Det vert ikkje mogleg å parkera nede i Stalheimskleiva. All parkering vert i området ved Stalheim Hotel.
Det vert flotte premiar til alle deltakarar! Beste tid i dame- og herreklassen vert premiert med kr 3000.
For dei som ynskjer å nytta heile dagen eller helga på Stalheim er det mogleg å bestilla middagsbuffet, konsert og overnatting på Stalheim Hotel.
Ver med og skap folkefest på Stalheim!