Snart klart for ny landskapsfest på Stalheim

Snart klart for ny landskapsfest på Stalheim

FREDAG 21. JUNI

Utekonsert med populære FOLK FLEST
(Inne dersom vêret er dårleg)

LAURDAG 22. JUNI

Gjenopning av den historiske Stalheimskleiva og opning av utsiktspunkt ved Sivlesteinen.

JENS BREKKE leiar oss gjennom ei feiring av naturen og landskapet, kongevegen, kleiva og nasjonalskalden Per Sivle. Historiar og musikk med m.a. Aurland songlag og Strendingen.

SUNDAG 23. JUNI

Jonsokfeiring med jonsokbryllup frå Sivlesteinen til Stalheim museum, der ulike lokale lag skapar liv og røre med leikar, mat, tevlingar og aktivitetar.