Strålande avslutning på Landskapsfest 2023

Strålande avslutning på Landskapsfest 2023

God mat, flott musikk og topp stemning då Folk Flest avslutta Landskapsfest 2023.

Stalheim Hotel hadde laga til flott middagsbuffet med både varme og kalde rettar, og det var mykje skryt å få frå gjestane. Etter middag var det tid for konsert.

IMG 8006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gruppa Folk Flest skuffa ikkje! På verdas flottaste scene framførte dei kjempeflott musikk til stor applaus frå eit entusiastisk publikum. 

Me takkar Folk Flest for ei flott musikkoppleving, publikum som møtte fram og Stalheim Hotel som stilte med lokale til konserten! Håpar dette kan verta ein årleg tradisjon.