«Folk Flest» spelar country og irsk inspirert musikk framført på dei «rette instrumenta» for denne typen musikk:
fele, banjo, mandolin, ståbass, steel-gitar, gitarar, trommer og sjølvsagt fleirstemt song.
Med Sogn si eiga songstjerne Einar Bolstad i «spissen» (m.a kjend for Sogn og Fjordane-songen og Julesong- turneane), kan ein garantera både gåsehud, rockefot og høg allsongfaktor!!
Publikum får høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidsepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, ispedd norske perler.
Songane er henta frå artistar som m.a: The Dubliners, The Waterboys, Steve Earle, Johnny Cash, Dolly Parton, Staut, Hellbillies, irske trad.låtar, og Avicii!!
Bandet hadde premiere våren 2016. Sidan då har bandet spela for stappfulle kulturhus, på festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar!
«Folk Flest»
Einar Bolstad: song, ak.gitar, piano
Renate Skophamar: song
Mathilde Skjæret: fele, song
Tor Magne Kvamsdal: mandolin, steel-gitar, el-gitar
Lars Berge Pedersen: banjo, el-gitar, ak. gitar
Jan Frode Hellebø: bass
Arve Lomheim: trommer